Eit villdyr i hagen vår


Her står Hanna og Mari ved sida av villdyret som me fann i hagen vår i dag. Ja, for denne skilpadda er like vill som løvene nokre mil unna. Du ser huset vårt i bakgrunnen.

Reier skreiv dette 05:30 3 kommentarer

 



Ein super fødselsdag!

Tysdag fylte Hanna tre år, og dagen blei feira slik ein treårsdag bør feirast - med pakkar, kaker, ballongar, bursdagsselskap og snop. Masse snop. Her er eit lite samandrag av dagen.



PS: Me har no brukt store delar av det siste døgeret på å lasta opp denne filmen. Det er ikkje spøk med internett i Afrika...

Reier skreiv dette 17:28 5 kommentarer